Cover Dance

: er eit pågåande soloprosjekt. Eg starta med dette arbeidet i 2010 og har sidan hatt fleire kortare arbeidsvisningar. I dette arbeidet undersøkjer eg feministiske spørsmål i og gjennom dans. Tittelen på prosjektet, Cover Dance, har fleire tydingar. Den speglar mi oppfatning av både den klassiske balletten og mainstream media si tildekking og einsidige framtstilling av både kvinna og kvinnekroppen. Samstundes arbeider eg i dette prosjektet med referanse til den klassiske teknikken og potensialet for virtuositet og nyansert teknikk som er tilgjengeleg via teknikken. Tittelen vitnar også om ein idé om å "covre" eller fortolke ulike repertoir frå den klassiske balletten og å omforme det innan rammene i mitt kunstnarlege uttrykk. Den fyrste lengre visninga vart gjennomført i Bergen i 2012.

Lengd: 25 min

Produsent: Tora de Zwart Rørholt

Foto: Janne Eraker

Foto: Janne Eraker

Rehearsal Cover Dance

Cover dance-improvisation